top of page
IMG_1144.PNG

Du veit den kjensla, når pusten din er åpen og fri.

Når føttene er stødig plassert på jorda.

Når du kjenner deg heime i deg sjølv.

Når har du det slik? 

external-file_edited.jpg

 Camilla Solvang Hansen

Varmt velkomen.

Eg heiter Camilla. Eg er yogalærar, eg elskar pusten, og eit saktare liv. 

Yoga og naturen er mine pusterom. På matta og i naturen finn eg ro;

her landar eg i meg sjølv, her ladar eg, hentar energi og inspirasjon.

 

Å leve tett på naturen, i naturen. Med fjella i ryggen og nærheit til havet.

Når eg kan sovne og vakne med naturen rundt meg. Når eg minner meg sjølv på å pause,

roe ned tempoet, vere heilt tilstades. Då har eg det aller best.

IMG_5475.JPG

Yogaklasser, Workshops & Retreats 

Bli med på rogivande yogaklasser + online yoga! 

1.png

SELØY YOGAFESTIVAL
6.-8. november 2026

Seløy får sin egen Yogafestival!

 

Ytterst mot havet på Herøy fyller vi øya med yoga, fellesskap og glede!

Ei heil helg der du får utforske ulike yogalærere, yogaklasser, latter og stillheit, badstu og deilig mat, i vill natur! 

Du er varmt velkommen! 

Camilla natur liggende.jpg

Pusterom Yoga på Facebook

Følg for oppdateringer om yogaklasser og ulike arrangement.

 

Å våge å trykke på pauseknappen.

Stoppe opp. Ta eit par djupe pust.

 

Du er her. Du er no.

Du pustar.

Og det er nok.

 

- Camilla

Eg tilbyr

IMG_2230_edited.jpg

 

Yoga

Å lande på yogamatta med sakte, kvilande yoga er ei gåve til deg sjølv.

Eg tilbyr roleg yoga, eit pusterom på matta. Her er det rom til å berre vere, akkurat som du er, akkurat her og no. Kom og finn kvilepulsen med meg. 

IMG_1744.JPG

 

Pust

Tenk om du hadde eit superverktøy til å føle deg rolig, på plass, klar, på 5 minutt.  Pusten vår ER eit slikt verktøy! Og eg vil gjerne dele med deg korleis du kan bli betre kjent med pusten din og enkelt bruke den i din kvardag.  

IMG_4376_edited_edited.jpg

 

Natur på flaske 

Dråpar rett fra naturen; på flaske, tilgjengeleg kor som helst. Heilt reine eteriske oljer som luktar himmelsk, kan støtte deg til å sleppe stress og uro, finne glede, djup søvn - og til å føle deg

fantastisk!

Follow us on Instagram @pusterom

bottom of page